Aktuelt

Det nye testamentet på øyret!

7. januar 2020

Eg skal lese inn halvparten av Det nye testamentet, 2011-utgåva, på nynorsk! KABB, i samarbeid med Det norske Bibelselskap har gjeve meg dette ærefulle oppdrag, og no øver eg og øver eg og øver eg. Store delar av februar og mars 2020 sit eg i eit fabrikklokale ved navn Vålerenga Platefabrikk, der fine Torstein Lindaas er teknikar.

Til hausten blir det mogeleg å få resultatet på øyret!